torsdag 9. september 2010

Frykten

Me vart med klassen å såg ”Frykten” på teater.
Skodespelet handla om statsminister Samuel, som er på hyttetur med partiet og sønna si. Her diskuter dei miljøkrisa og andre saker. Samuel ønskjer å finne andre måtar å lage energi på, som for eksempel vasskraft og vindkraft. Dei startar hytteturen med kos og alkohol, men det endrar seg fort til katastrofe. Dei legg merke til store oppsamlingar av fuglar, som med mørket angriper.
Desto lenger tida går, desto verre blir det for dei i hytta. Dei begynner å gå kvarandre på nærvene, og det ender opp med at nokon av dei blir drepen av dei andre i hytta.

Det ender opp med at 3 av dei 5 i partiet blir drepne, mens Samuel og ein annan overleve. Me får og vite at sønna til Samuel drukna for lenge sia, men dette ville ikkje Samuel godta. Den avsluttande sena går sønna til Samuel bort frå hytta, og blir om til en fugl.

Skodespelet var utruleg kjekt, men det vart vanskelig å følgje med. Grunnen til dette trur eg er at det blei så mykje snakking om politikk, og det vart forvirrande med all musikken dei brukte, som og blei brukt på feil plasser.
Skodespelet var bra laga til i forhold til korleis miljøet er i dag. Eg trur det får menneske til å opna augande våre med tanke på at det kan enda i katastrofe om me ikkje gjer noko, men eg trur skodespelet overdreiv mykje, så mykje at det gjer det vanskeleg å tru på.

1 kommentar:

  1. Interessante refleksjonar som viser at du har fått mykje ut av dramaet.

    SvarSlett